Fasteaksjonen blir arrangert over heile landet søndag til tirsdag før palmesøndag, 26. - 28. mars i år. Saman med kyrkjene i Noreg jobbar Kirkens Nødhjelp med akutt bistand i katastrofer og med langsiktige prosjekt for å redusere naud og fattigdom i verda. Saman jobbar vi for fred og rettferd, og for å redde liv. I fasteaksjonen samlar vi inn penger til dette livsviktige arbeidet.
Kom og høyr nydeleg song og musikk av Hyllestad og Fjaler kulturskule, Cantus, Marthe Eimind, Reidun Porten og elevar frå UWC.
Alle er hjarteleg velkommen til ein flott kveld i Dale kyrkje.